Dei sit i gatene, står utanfor matbutikken og møter deg med ein skramlande kopp og ei bøn om hjelp. Tiggarane frå Romania finst over heile landet. Dei har blitt karakterisert som kjeltringar, bandittar og menneskehandlarar.
Åsne Valland Nordli flytta som ung nybakt mor til hamnebyen Constanta i Romania. Med trua på at det er mogleg å gjere ein forskjell, blei familien buande der i fem år. Dei arbeidde for å hjelpe gatefolk, både unge og gamle. Valland Nordli fortel si eiga historie, ei historie om tru, mot og motgang. Vi blir kjende med dei som blei hennar nære venner i Romania, og som har endra henne for livet. Valland Nordli minner oss om at dei utstrekte, tiggande hendene alle høyrer til menneske med draumar og historier som oljenasjonen ikkje har vondt av å høyre.