Keramikk-abonnement-sesong 2
Draumar forma i leire
I september 2026 startar sesong to av abonnementet på mine handlaga keramikkprodukt. Dette er for deg som har hatt lyst på handlaga keramikk, men kanskje ikkje har teke steget heilt enno.
Keramikk er ein langsam og omsorgsfull prosess, der kvar gjenstand blir forma for hand og brend i to omgangar over fleire døgn. Ingen av produkta er heilt like – og nettopp difor får kvar del sin eigen karakter og verdi.
Med abonnementet kan du investere i eit keramisk sett over tid utan at kostnaden blir for stor. Du byggjer samlinga di bit for bit, månad for månad.
Abonnentane frå 2025 seier: «det er ekstra kjekt å ha noko å gle seg til.» Ein gong i månaden får du ei personleg overrasking i posten, rett frå verkstaden min – laga spesielt for deg.
Gjennom ett år vil abonnenten få tilsendt eit keramikk produkt til ein verdi av 400-550kr kvar mnd i posten frå min keramikkverkstad.
ABONNEMENTINFORMASJON, UNDER:
Abonnement 1: 12 mnd (kopp og tallerk eller skåler)
Kunstabonnement
Abonnementet varer i 12 månader og omfattar totalt 12 produkt: seks koppar og seks tallerkar (eller skåler). Du får éin keramisk gjenstand tilsendt kvar månad.
Kvar levering blir tilpassa etter dine ønskjer. I samarbeid med keramikar Åsne vel du design og fargar på koppane og tallerkane du mottar i løpet av abonnementsperioden.
Abonnement 2: 12 mnd (koppar)
Abonnementet varer i 12 månader og omfattar totalt 12 koppar. Du får ein ny kopp tilsendt kvar månad.
Kvar levering blir tilpassa etter dine ønskjer. I samarbeid med keramiker Åsne vel du design og fargar på koppane. Det treng ikkje vere same design på alle – du står fritt til å mikse og matche mellom ulike former, design og fargar.
Abonnement 3: 6 mnd (koppar)
Abonnementet varer i 6 månader og omfattar totalt 6 koppar. Du får ein ny kopp tilsendt annakvar månad.
Kvar levering blir tilpassa etter dine ønskjer. I samarbeid med keramiker Åsne vel du design og fargar på koppane. Det treng ikkje vere same design på alle – du kan fritt mikse og matche mellom ulike design og fargar.
Abonnement 4: 12 mnd (valgfrie keramiske gjennstander)
Abonnementet varer i 12 månader og omfattar totalt 12 valfrie keramiske produkt, som spesifisert under lista «Prisar». Du får ein ny gjenstand tilsendt kvar månad.
Kvar levering blir tilpassa etter dine ønskjer. I samarbeid med keramiker Åsne vel du design og fargar på gjenstandane. Døme på produkt du kan velje mellom er koppar, tallerkar, skåler og lysestakar. Du står fritt til å mikse og matche mellom ulike produkt, design og fargar.
PRISAR:
- Stor kopp med hank (latte-, kakao- og tekoppar): 550 kr
- Tallerk: 450 kr
- Liten kopp med hank (cappuccino, runde og sylinderforma kaffekrus): 490 kr
- Kopp utan hank: 400 kr
- Frukostskål: 520 kr
- Dessertskål: 450 kr
- Lysfat til kubbelys med lærdetalj: 590 kr
- Lysestake til kronelys: 450 kr
I tillegg kjem frakt på 69–149 kr per sending, avhengig av pakkestorleik.
Takk for at du tok deg tid til å lese. Eg håpar informasjonen var nyttig og inspirerende. Dersom du har spørsmål, eller ønskjer å starte eit abonnement, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med meg på e-post eller SMS.
Eg ser fram til å høyre frå deg og hjelpe deg med å finne keramikk som passar din stil og smak.
Ha ein fin dag vidare!
Med venleg helsing
Åsne Valland Nordli
Reinrosa keramikk
E-post: vallandnordli@yahoo.no
Telefon: 45 24 05 77


